Litteraturbåten Epos Sti
Frivillig organisasjon i Kvam, Vestland. Ikke verifisert
Formål
Føremålet til stiftinga er å formidle og stimulere til interesse for litteratur, lesing og offentleg ordskifte gjennom å etablere og drive Litteraturbåten Epos. Stiftinga skal gjennom aktivitetar i båten - som seminar, debattar, opplesingar, konsertar, utstillingar, skule- og barnehagebesøk, skrivekurs og liknande - inspirere til auka interesse for norsk og internasjonal skjønnlitteratur, sakprosa og kritikk, med eit særleg auge for det nynorske skriftspråket. Stiftinga skal med litteraturbåten skape ein møteplass i distrikta på Vestlandet som skal fremje interesse for litteratur, ordskifte og lokal historie, i tillegg til å vere ein arena for alle kultur- og kunstuttrykk. Stiftinga skal arbeide for å styrke lokalt samarbeid om aktivitetar knytte til litteratur, kultur og historie, og bidra til erfaringsutveksling og kompetanseheving på Vestlandet.
Slik organisasjonen selv har registrert det i Enhetsregisteret.