Teamfinder

Stiftinga Balejazz

Frivillig organisasjon i Sogndal, Vestland. Ikke verifisert

Formål

Å arrangere ein årleg jazzfestival i Balestrand som er forankra i, men ikkje avgrensa til norsk/regional jazz, herunder med sikte på å fremje og delta i utviklinga av musikarar og miljø som arbeider med jazz. Å initiere og delta i jazzkonsertar og likande gjennom året med sikte på å auke interessa for jazzmusikk, og dermed også leggje grunnlaget for auka interesse for den årlege Balejazzfestivalen. Å leggje vekt på å skape eit attraktivt miljø, i tillegg til musikalske kvalitetar, og spesielt ta siket på å oppretthalde og vidareutvikle det særegne miljøet rundt den årlege Balejazz-festivalen i Balestrand. Å fremja stiftinga sitt kulturtilbod til fastbuande og besøkjande til Balestrand er stiftinga sitt overordna ideelle formål.

Slik organisasjonen selv har registrert det i Enhetsregisteret.